Thursday 31 July 2008

Velkomen til Hans&Siv sin reiseblogg

22.oktober er det dags igjen. Då pakkar vi sekken og leitar opp sol og sommar på andre sida av jorda. I fjor reiste vi i 5 1/2 veke, noko som tydelegvis har gitt meirsmak. I fjor var vi innom Malaysia, Hong Kong, New Zealand og Australia. Mesteparten av tida gjekk med i Australia.

Det landet blei vi så imponert over at vi sett kursen dit nok ein gong. Reiseruta denne gongen blir Thailand, Australia, Fiji, USA og Island. Meir detaljar kjem etterkvart.

Denne bloggen er meint for dei som vil fylgje med oss på reisa, men kanskje aller mest som ei detaljert "minnebok" for ettertida.