Etter å ha brukt fire dagar på turen oppover frå Sydney stod endeleg Surfers Paradise for tur. Ein slitsom åtte timers busstur gjorde at det var godt å endeleg vere framme i Surfers. Her hadde vi booka oss inn på eit hotell eit steinkast frå stranda. I første etasje av hotellet var det shoppingsenter og vi har ideelt plassert midt i utelivsdistriktet i Surfers. Planen for opphaldet i SP var å berre nyte late dagar på stranda. Vi ankom seint fredag og laurdag var vi tidleg oppe og klar for strandliv.
Dette var gøy i eit knapt kvarter, då måtte vi berre kapitulere. Vind er vi vande med, men for mykje vind på ei strand fører fort til sandstorm. Vi pakka difor sakene og gjekk tilbake til hotellet. Veret dei neste dagane var heller ikkje noko å skryte av. 20-25 grade, overskya, ei og anna regnbyge og aller nødigast litt sol innimellom. Veret var i alle fall for ustabilt til at bading og soling kunne stå på programmet.
Dagane gjekk derfor med til å vandre gatelangs i SP. Starbucks blei som vanleg ofte besøkt og både eg og Siv fekk lest ein del. Eg fekk også jobba nokre timar ein av dagane eg var her. Det gjorde godt, men dagen etterpå var eg heilt utslått med hovudverk. Det er slitsamt å jobbe har vi funne ut. Det blir sikkert derfor ei gradvis tilvenning når vi er heime igjen, a la aktiv sjukmelding :)
Etter fem forholdsvis like dagar i Surfers gjekk turen vidare til Brisbane. Nok ein gong opplevde vi litt av følelsen av å kome heim. Vi var også i Brisbane sist vi var på tur og det vi var difor godt orientert om tilbodet i byen.
Eine dagen besøkte vi Sir Thomas Brisbane Planetarium, eit slags astronomisenter. Her fekk vi studere universets mange underfundigheiter. Vi fekk sjå ei heil ”fotomontasje” frå romstasjonen/teleskopet Hubble. Fjerne galaksar, svarte hol, andre planetar, osv osv osv. Vi fekk også sett ein film på ca 40 minutt, der Tom Hanks tok oss med på ein tur i verdsrommet og viste oss jorda sin plass i det store systemet. Du kan tru at vi følte oss små der vi satt. Til slutt fekk vi sjå korleis stjernehimmelen over Brisbane var for augeblikket. Ein interessant og litt annaleis dag.
Dagen etter var vi nok ein gong på farta. Vi besøkte museet i Brisbane. Dette hadde fire-fem etasjar, alle med eigne tema. Vi byrja første delen av turen i Science-senteret. Dette var nok eigentleg berekna for ungar, eg trur at eg og Siv var dei eldste ungane som var der. Men det var veldig artig. Vi fekk her ei grundig innføring i mange artige ting om kropp, fysikk og mange andre av naturfagets spennande sider. Vi fekk testa kor fort vi sprang, kor hardt vi kasta, kor rask reaksjon vi hadde og mykje meir. Etter dette gjekk turen vidare til ei etasje som handla om Queensland si historie (Queensland er delstaten som Brisbane ligg i). Her fekk vi sjå korleis dei første busetterane fann seg til rette og vi fekk sjå korleis historia arta seg frå den spe starten for nokre hundre år sidan.
Vi har på heile turen undra oss over alle asiatane som er i Australia. Vi har av og til hatt følinga av at vi har vore i Asia. Det rett og slett vrimlar av kinesarar og japsanesarar! Men her fekk vi lære at allereie på 1700-talet så utgjorde asiatiske busettarar over 10% av folketalet i Queensland. Dei utgjer dermed ein stor del av dei fastbuande, kva talet er no er eg ikkje sikker på.
Vidare gjekk turen til det som hadde lokka oss til museet, nemleg dinosaurusar. Her fekk vi sjå dinosaurusar i full storleik noko som var fascinerande. Eg trur dei fleste av oss er glade for at dette ikkje eksisterar no. (Mamma: levde du når dinosaurusane gjor? Må berre sjekke om du lese bloggen vår).
Til slutt gjekk turen til toppetasja der det meste handla om aborginerane, urfolket i Australia. Der var det mykje utstilt, men vi hasta fort gjennom dette då vi følte at vi hadde sett det meste av dette tidlegare. Museet hadde også avdelingar med gamle fly og bilar, insekt, dyr, trua dyreartar og mykje meir. Vi kunne lett ha brukt mykje lenger tid her, men tre timar var nok. Vi var svolte og litt leide. Turen gjekk difor til næraste Sushi-restaurant. Det er tredje gong på 16 dagar i Australia at vi er på Sushi-restaurant. Takk til Tonje som opna augene våra for dette :)
I dag (laurdag) gjekk turen vidare til Fiji og i skrivande stund sit vi faktisk på flyet (her er ikkje internett, så når du les dette har vi landa på Fiji). Siv knuser eine sodokuen etter den andre. Fiji er no ca 2 timar unna og vi har store forventningar til denne delen av turen. Vi er akkurat no litt under-ernærte på sol og bading og vi vonar derfor at vi får ta oss godt frampå med dette dei neste ti dagane. Vi kjem ganske seint til Fiji i kveld og vi overnattar derfor i Nandi, på fastlandet. Men i morgon tidleg går turen ut til første stopp i øyane, nemleg Mana i Mamanucas-øygruppa (eller noko i den dur). Der skal vi tilbringe fire dagar før turen går vidare til ei anna øygruppe, Yasawa.
Vi er veldig spente. Så gle dokke til neste oppdatering! (Bilde til dinne artikkelen kjeme ka dag som helst )
Sunday, 16 November 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
hahahah, ho mor di he ikkje svart ennå, men da må ei nytte høve raskt...... Da ei va lita fantes ikkje dinosaurar, men sidan mor di er so møkje eldre en meg skal du ikje sjå vekk ifra at det eksisterte då..... hehe, kos dokke da.
Post a Comment